Saken er skrevet av Martin Toft for Uniforum.no
Brasil skal til saman senda over 100 000 studentar i løpet av tre år til verdas beste universitetet for å auka kunnskapen og ekspertisen i fag som naturvitskap, teknologi, ingeniørfag og matematikk. Noreg er i år for første gong med mellom dei landa Brasil har valt å senda dei beste realfagsstudentane sine til. Dei som får stipenda blir plukka ut av ein eigen komité som på grunnlag av fagkunnskapen til studentane, bestemmer kva universitet dei skal sendast til. Studenten får altså ikkje sjølv høve til å seia kvar han eller ho vil dra.
Ville til eit berekraftig universitet
Ein av dei 28 brasilianske studentane ved UiO kom likevel hit fordi det var hans høgste ynske.
– Eg valde Universitetet i Oslo fordi universitetet og byen er kjent for å vera mest mogleg berekraftig og grønt. Derfor er det attraktivt for meg å studera her, seier André das Neves Carvalho, frå Amazonian Rural Federal University (UFRA) i Belém midt i Amazonas. No skal han studera eitt år ved Institutt for geofag ved UiO.
– Hydro er det viktigaste selskapet i regionen eg kjem frå i Brasil, men eg kom hit av meg sjølv utan å bli sponsa av andre. No er eg blitt med i det brasilianske stipendprogrammet «Science without Borders», fortel han. Mesteparten av desse studentane bur på Kringsjå, også André das Neves Carvalho.
– Den første veka har eg gått rundt Sognsvann kvar dag for å få med meg solnedgangen. Det elskar eg, seier han.
Flest brasilianarar på Mat.Nat.
Dei 28 studentane frå Brasil som er blitt UiO-studentar, går i hovudsak på geofag og informatikk på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Fire av dei går på medisin. Alle får også norskkurs det året dei er her.
Anna Luiza Diniz Felipe kjem frå Federal Institute of Science and Technology of São Paolo (IFSP). Ho går på Institutt for geofag og studerer korleis gamal og ny teknologi kan brukast side om side.
– Ja, eg ser på korleis fornybar energi kan kombinerast med petroleumsteknologi. Difor har eg også sett på bruken av metanol som drivstoff. Det brasilianske statsoljeselskapet Petrobras har vist stor interesse for dette området. Utvikling av slik grenseoverskridande energi er svært viktig for Brasil, seier ho.
Danilo Henrique Costa Souza, kjem frå Federal University of Pará (UFPA).
– Eg tar informatikk og eg veit at innanfor mitt fagområde tilbyr Universitetet i Oslo høg kvalitet både på undervisninga og undervisningslokala.
– Er de blitt kjende med norske studentar på den korte tida de har vore her?
– Ja, eg bur i studentbustad på St. Hanshaugen i same korridor som mange studentar frå Noreg. Så eg er blitt kjent med fleire av dei allereie, svarar Danilo Henrique Costa Souza. Anna Luiza Diniz Felipe bur på Kringsjå. – Så langt har eg blitt kjent med flest studentar frå andre land enn Noreg.
– Korleis blir det for dykk som kjem frå eit land med varmt ver heile året å halda ut den kalde årstida i Noreg?
– Me kjenner andre brasilianske studentar som studerte i Canada og opplevde det som iskaldt. Dei overlevde, og det skal også me gjera, seier dei to brasilianske studentane i kor.
Prestisjetungt
Stipendprogrammet Science without Borders er sett i gang av den brasilianske regjeringa for å få utdanna fleire folk innanfor satsingsområda, naturvitskap, teknologi, ingeniørfag og matematikk (STEM). Brasil sender studentane til dei beste universiteta i verda.
– Det er prestisjetungt for norske universitet å ha kome med på lista over universitet dit Brasil sender sine flinkaste studentar til, seier rådgjevar Jeanette da Silva i Studieavdelinga. UiO har Brasil som eit satsingsland og å delta i dette programmet gjer det mogleg å få til ei tettare kopling mellom studie- og forskingssamarbeid med institusjonar i Brasil. – Det er spesielt interessant for UiO å hengja dette programmet på den tematiske forskingssatsinga me har med Brasil, seier da Silva.
Rekrutterer dei gjerne til forsking
– For oss vil det vera flott og nyttig om nokre av desse studentane også etter kvart blir rekrutterte inn i forskingsprosjekt der me samarbeider med Brasil. Norsk næringsliv har store interesser innanfor skogsforvalting, fornybar energi, gass- og oljeindustri og i shipping i landet. Og dessutan har Hydro store aluminiumsverk og bauxittgruver der. Både Brasil og Noreg vil i framtida få stor nytte av dei studentane som har kome hit, er Jeanette da Silva sikker på.
Dessverre går ikkje utvekslinga så godt den andre vegen. I år er berre fem studentar frå Universitetet i Oslo på studieopphald i Brasil. Ein av grunnane til det er det manglande studietilbodet på engelsk i det latinamerikanske landet.
Fint at UiO tar imot Brasil-studentar
Rektor Ole Petter Ottersen uttrykkjer stor glede over at så mange brasilianske studentar har kome til Universitetet i Oslo.
– Det er berre positivt. Brasil er svært opptatt av å sende studentar til dei beste stadene, og det er fint at UiO er blant desse, synest Ottersen.
– Du fryktar ikkje at det blir masse ekstraarbeid for dei tilsette ved UiO?
– Det er marginalt med ekstraarbeid i dette, då alle går inn i ordinære kurs og utdanningsprogram. Litt ekstra administrasjon vil det likevel alltid vera når me tar imot store grupper frå utlandet, konstaterer UiO-rektoren.
Institusjon | Tal på studentar frå Brasil |
Universitetet i Oslo | 28 |
Universitetet i Bergen | 19 |
NTNU | 8 |
Høgskolen i Ålesund | 3 |
Høgskolen i Gjøvik | 2 |
Høgskolen i Molde | 2 |
UMB | 2 |
Universitetet i Stavanger | 1 |
TOTALT | 65 |
Vitenskap uten grenser (Ciência sem fronteiras):
- Brasils stipendprogram for toppstudentar som vil studera realfag ved verdas beste universitet.
- Studentane får både studieopphaldet og studiane finansierte av den brasilianske staten.
- Målet er at Brasil skal auka sin eigen kompetanse innanfor realfaga.
- 100 000 studentar skal delta i programmet til og med 2014. Det kom i gang i 2012, og i år kom for første gong 64 studentar til norske universitet.
- 28 av dei går på UiO.